Kramgard

Inntreng blir spisst – gåblin ær namnam

26. januar – 40-årsdagen til D&D

Det er penn-og-papir-rollespelets 40-årsdag i dag – 26. januar 2014! Hipp, hipp for Gary Gygax og Dave Arneson!

De er heltane i Sleiktunge-stammen, levande legender etter at de triumferte over kannibalen Vorka, og fekk tak i mykje FIERREVERRKERY! Ein dag de er utomhus for å leite etter meir fyrverkeri, kom slemme langleggar og utsletta heile stammen dykkar med hammarar, og magi, og ord, og sånne ting. Dritsekkar. De returnerar til campen og finn den totalt utsletta, sjølv Kvinepip er borte. Ikkje ein gong ein liten fleskebit igjen! :(

I ein dam utanfor det som pleidde vere heimen dykkar finn de den litt smårare froskeelskaren Hødd. Som heimlause er dykkar einaste håp den næraste goblinstammen de kjenner til – Kråsknusarane. Men når de kjem dit verkar dei unormalt nervøse, og litt færre enn dei trudde. Dei verkar ikkje ein gang som om dei forsvarar seg sjølv. Vaktene berre visar dykk taust til eit sentralt telt i kråsknusar-campen – kven kan vere på innsida?

Det er Mor Skvettkjeft, midlertidig leiar av Kråsknusarane. Ho seier at dei har hatt problem med ein nærtståande ogren Pappa Kjøtmoms og hans dotter, Guffen. No vil ingen bli hovding, så ho inviterer dykk til eit goblinting – ein fest med tradisjonelle leiker der vinnaren kan bli stammens leiar. Etter kvart finn de ut at dei tre førre hovdingane har blitt borte i forsøket på å ta knekken på Kjøtmoms-familien og dens flammesprutande grisar.

Oppdrag: Bli hovding av stammen.

Oppdrag: Jag vekk Pappa Kjøtmoms og familien hans frå området.

fortsetjing følgjer…

Comments

aslakroedder tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.