Kramgard

FYRREVERRKYRI ER GØI!!!!11!

5. januar 2014

Spelte one-shoten We Be Goblins!, sidan Appian er vekke.

Djupt inne i Jarnskogsumpane, like sør for den forhatte menneskebyen Firdal, bur goblinstammen Sleiktungene.

I går oppdaga stammen at ein av deira mange medlemmer hadde nytta forbodne kunstar, og gjorde det verste tabuet ein goblin kan gjere – å skrive ned ting. Faktisk, seier ryktet, skreiv han ei historie om stammen!

Det finst ikkje noko større måte å bringe dårleg lukke enn å stele ord ut av hovudet ved å skrive dei ned, så stammen hadde ikkje noko val – dei måtte inskribere hovudet hans med bokstavane hans, han heiter no Skribletryne, og kaste han ut av stammen. Blant Skribletrynes eigendelar fann dei derimot fyrverkeri. Fyrverkeri er gøy, og ein treng alltid meir av det. Heldigvis fann dei òg eit kart Skribletryne hadde laga, som viste vegen til ein stranda båt der ein kunne finne meir!

Våre tre heltar er den unge fighteren Reta – som har VANSKAR MED Å IKKJE SKRIKE NÅR HO SNAKKAR – den bombeglade alkymisten Mygmork, og den einebuande eks-eksil-utvandraren Ashurbanipal. Dei er kalla inn til Hans Omkrets, hovding Randvagle Bukgrums, som gir dei i oppdrag å få tak i meir fyrverkeri. Det er potensielt skummelt, på grunn av sumpen. Og Langbein Goblinbabyspiser. Og den skumle kannibalen Vorka. Og så vidare.

Men først er det fest. Stammen har høyrd at dei tre har fått eit oppdrag, og utfordrar gruppa til ulike vågestykker for å vise kor modige dei er. Dei klarar alle fire med glans, og får Hovdingens nyttige kappe med nyttige ting i, Hovdingens ring som let deg klatre bra, Hovdingens Hestebitar, og Flammehostesaft.

Med åra har edderkoppen Langbein Goblinbabyetar blitt stor og sterk nok til å ete meir enn berre bortkomlingar, men òg vågar å gå etter fullvaksne goblinar. Først snappar ho med seg kjælegrisen til Ashu, før ho angrip frå trea, og bit etter laget. Etter kvart vert ho svakare og svakare og rømmer inn i skogen.

Laget følgjer etter edderkoppen, som har gøymd seg i edderkoppbolet sitt. Rundt det heng ei rekkje daude kroppar i spindelvev. Mygmork kastar ei brannbombe opp, og drep Langbein – og set samtidig fyr på trekrunene. Goblins gir faen i trær, så whatever. I DO WHAT I WANT!

Dei spindelbundne lika vert lettare påtent og dett ned på bakken, som litt slappe piñatas. Omnom, loot. Gjengen overnatter i skauen.

Morgonen etter held dei fram langs elva, vidare mot kartets mål, og finn til slutt båten i ei innhengning, med ein hest spaserande rundt. HEST! Goblins hatar hestar, så den vert raskt teken knekken på.

Vidare nyttar dei stigen frå Hovdingens nyttige kappe med nyttige ting i til å klatre opp på side av båten – der overraskar dei to fastlenka hundar, HUNDAARRR!!! som dei sporenstreks angrip med brannbomber. Dette vekkjer kannibalen Vorka, hennar hund Kose, og kjempefrosken Kong Langtunge.

Ved hjelp av brannbomber, karatechopping av master, fyrverkerioppsending, og ei rekkje bomhugg frå ei rekkje hundekuttarar får laget til slutt teke knekken på alle tre – nådestøtet kjem då Vorkas lik fell ned og tek Koses siste hitpoints.

Gjengen søkjer gjennom båten, og finn ei kiste med fyrverkeri – FYEREVERKKYRRI! – og diverse andre gjenstandar, blant anna ei vifte med eit kart over spennande plottpoeng som dei tenner på før dei i det heile teke gidd å sjå på den. Det var dumt, den får dei aldri sjå igjen!

Dei returnerar til Sleiktungestammen som store heltar – sidan dei overraskande nok ikkje sendte opp alt fyrverkeriet med ein gong – og får store, seriøse titlar av Hovdingen. SLUTT!!!(?)

Comments

aslakroedder tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.