Kramgard

Den gongen pennen var mektigare enn sverdet

Dagen for folkemøtet var kome, og me forsøkte å gjere våre siste forberedelsar for å overbevise det gode folket i Vangshamn om at det var me – og ikkje Grigori – som hadde byens beste i tankane.

Ein invitasjon til lunsj vart utstrekt til Grigori, der me forsøkte å få ut fleire detaljar frå han.

Historie: Samtidig sneik vår eminente spion Kazic seg inn på rommet hans – der han fann eit segl frå Niflheim, ei svirrande bikube fullt av avskum og ondskap.

Dermed var slagplanen for møtet lagt. Me skulle legge fram tre hovudpunkt:
1. Demokratiet er viktig, me planlegg å late folket ta ein større del i framtida.
2. Gregori er ein munnrapp person, men våre kjelder tilseier at han arbeider for Niflheim.
3. Onsk: Me likar å takle problem direkte, og vil halde fram med å beskytte byen på den måten. I framtida skal me angripe draken.

Folket svaiar fram og tilbake medan me snakkar, men då Onsk slår øksa si i scena etter ein tordentale frå Bork overvinn me dei.

Oppdrag (løyst): Grigori fell i gjørma, og bannar høgt. Folket ler. Han kjefter og smeller og kallar oss hedningar, og går! Befolkninga klappar for oss. Sjølv dei som var motstandarar beklager seg til oss. Hyggeleg. Me skal forsøke å ikkje hugse at dei ein gong var illojale.

Oppdrag: Dermed returnerar “kvardagen”. Folket veljer Ingrid til befolkningas stemme i ulike sakar, og ho fortel om nokre gnomar som har problemer i nærleiken. Me bestemmer oss for å hjelpe – trass at dei tydeleg nett har drept koboldar.

Bork inspirerer frå elvkanten, Appian hektar av hestane og roar dei ned før han samlar dei viktigaste tinga frå vogna. Onsk festar tauet frå kanten av elva, og DREG dei opp av elva.

Oppdrag (løyst): Den vesle gnomen Gulost og hans crew inviterer oss til middag. Han fortel at dei er på utforskingsferd for å finne ut kva som er i nordområda.

Bork tilbyr han å dele kart, men han vil ha betaling. Kazic foreslår gambling, noko ein eventyrlysten gnom sjølvsagt ikkje kan takke nei. Kazic vann kortkonkurransen på “høgaste kort”, og får plasseringa til fleire skattar rundtomkring i området.

Inventory etter endt session
Eg hugsar ikkje alt som hendte dei to førre rundane, har me kjøpt/fått/solgt noko stort?

Comments

aslakroedder tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.