Kramgard

Den gongen Bork døydde

Opna med å kjøpe 5 Cure Light Wounds potions, ein CLW wand. Til saman 1000 GP for rabatten hjå Oleg. Så solgte me 3 handøkser til Oleg for 480GP. Endte opp med 2493 GP til saman.

Historie(?): På vegen mot Hjorteherren fann me hoggtannbær, kanskje Bokken vil ha dei?

I skogholtet nedanfor Hjorteherrens slott planla me korleis slottet skulle angripast. Først vurderte me å angripe slottet med flammer, men ynskjer å observere litt først.

ZOMBIAR! Dei dukkar opp av jorda, me angrip dei. Kastar Grease, tenner på, drep mange, fleire zombiar dukkar opp, Onsk kløyver dei i to. Idet ein stor brande dukkar opp røyver me oss vekk frå han.

Me fell alle bakover, Bork i størst grad. Onsk kløyver den store branden i skuldra, og han fell til bakken og døyr. Appian skyt to piler, båe treff.

Onsk slår eit hol i døra. Bork healer Onsk. Kazic skyt gjennom holet i døra. Onsk fortset å slå ned døra og skrik, skremmer vekk ein av bandittane. Bork drep skada banditt med ei pil.

UGLEBJØRN! Han går rett på Onsk og angrip. Resten av laget skader uglebjørnen så mykje at han nesten døyr. Brått dukkar Hjorteherren og ein ukjend mann i rustning opp.

Etter at me får litt tak på kampen kaster Rustningmannen amuletten sin, angriper uglebjørnen og drep han. Bork healer Onsk, og Hjorteherren fagnar interesse for den vesle – som openbart må vere lagets leiar.

Bork vert først truffe av ei pil, og så med det verste skotet i heile verda frå Hjorteherren – rett i hjartet.

– Fortel historia om meg vidare, seier han og fell om.

Med nokre heftige slag kløyver Onsk Hjorteherren, Twilightmannen og ein banditt i sinne over Borks død. Slaget er over, tapa er store, og alle er triste.

Oppdrag (løyst): Hjorteherren er død.

Historie: Det er Bork òg.

XP: 1900 XP (9700XP til saman).

Inventory etter endt session
5X Potion of Cure Light Wounds
Wand of Cure Light Wounds (46 charges)
Composite Longbow +3 str (Appian passer på den)
3 +1 flaming arrows (til Appian)
Masterwork light shield
Boots of elvenkind (til Kazic)
2x Alchemists Fire
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP
Alle har hest
Alvisk scale mail (Onsk),
Cold iron long sword (Appian),
kart over området med fleire stader vist
Pengar til saman: 2493GP felles (I kid you not).

Comments

aslakroedder tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.