Kramgard

Den gongen Appian handhelste på eit villsvin – med innvollene sine

Kazic ser ut til å ha stealtha seg vekk ein stad medan me snakka med presten Jhod. Me lover likevel å forsøke å gjere noko med denne store bjørnen i tempelet han snakka om.

Oppdrag: Finn bjørn i tempel i skogen

Me tek fart mot tempelet, og undersøkjer litt områder på vegen. Då me finn tempelet – til sonen til Cayden og ein naturgud – er det heilt stille der. Me finn eit lite – tydeleg magisk – basseng, og ein liten statue i ei hole like ved. Etter litt om og men hiv me statuen ned i bassenget.

Ingen eventyr har starta fordi nokon IKKJE gjorde noko.
– Bork

Vips, ein magisk, blødande bjørn satt saman av død pels og bein som låg strødd omkring på bakken. Bjørnen grip Onsk, Onsk vrir seg laus. Bork kastar Grease under bjørnen – som fell og strevar på bakken. Medan han ligg, treff me han med mykje – inkludert piler og sangsplinter. Onsk tek eit siste slag mot bjørnen medan dei ligg i heit omfavnelse på bakken.

Bjørnen vert i døden forandra til ein gammal, smilande mann. Tydeleg at det var noko funky magi på gang.

Oppdrag (løyst): Bjørnen er teken hand om

Når me kjem attende til Oleg vert Jhod veldig glad, og lover oss ulike spell-tenester gratis resten av livet.

Oleg har høyrd ikkje høyrd noko om Breeg på lenge, kva har hendt med han?

Oppdrag: Finn den omstridte jegaren Breg.

Etter litt romstrering og leiting rundt i skogen finn me Breg liggande død i si eiga felle, spidda på ein stor påle, under eit avkutta tau – nokon har tydeleg sabotert han idet han skulle ut av holet. Like ved er ei masterwork handaxe.

Oppdrag (løyst): Breg funnen, men kven drap han?

Me dreg vidare, finn ein fredeleg megafrosk som ikkje gjer nokon vondt, stakkars. Me let han vere. Seinare finn me ein menneskeaktig frosketing – kallar seg sjølv boggard. Gjennom veldig enkel kommunikasjon – han kan berre nokre få ord – finn me ut at villsvinet Oleg er på jakt etter er vestover.

I ein slags gigantisk skjelettgravplass finn me ikkje noko villsvin – trudde me. Appian tek ein kikk inn i ein hul tømmerstokk, der eit stort løvemanevillsvin venter. Han får overraskelsesfordelen på Appian og får angripe to gonger (ein av dei ein crit), og utsletter Appian med sine fæle støttenner. HOLY SHIT! FØRSTE DØDSFALL!

CLIFF HANGER

Historie: Appian døyr, what to dooooo!?

XP: Ukjend

Inventory etter endt session:
3X Masterwork handaxes, 1d6 (Onsk passer på dei)
0X POTION OF CURE LIGHT WOUNDS, HUGS Å KJØPE
Composite Longbow +3 str (Appian passer på den)
7 +1 flaming arrows (til Appian)
Masterwork light shield
Boots of elvenkind (til Kazic)
2x Alchemists Fire (Bork passer på dei)
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP (Bork passer på den)
Alle har hest
8 spritflasker
Pengar til saman: 1250GP felles.

Comments

aslakroedder tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.