Kramgard

Den gongen me naus på rotter
12. mars 2014

Etter å ha drepe den dansande dama finn me ein stor gyllen statue av ei naken, dansande alvisk dame. I tillegg finn gruppa ei enorm operaharpe, medan Appian gjenkjenner ei alvisk vassklokke.

Me finn ei rekkje klede, blant anna royal outfits. Med Detect Magic, finn Bork ein potion i ei seng og parfyme ved sidan av. Med unntak av dei tre store objekta, er det 1241 GP i ting.

I det eine tårnet finn me ein nesten naken kis fastbunden med tau, som me kuttar laus. Han er ein schtøgg fyr, som ikkje akkurat vekkjer morsinstinktet.

Historie: Halv-orken heiter Rimidlav, og er ein trollmann. Han blir med oss.

I det nordvestlege tårnet høyrer me ein skrapelyd, så me snur. I det sørvestlege tårnet finn me blomar. Som visar seg å vere eit monster!

Det denger laus på Appian, og skadar han mykje. Frå taket kjem ein plantealv av eit slag. Kazic angrip og skadar alven mykje. Rimidalv hoppar inn og gjer Appian liten! Appian vert haldt fast, og kuttar i alven som no er veldig medteken. Appian får magen kutta opp, og fell om. Bork hoppar over alven, og healar Appian tilbake. Mikmek healar Appian meir. «THIS IS KRAMGARD!» seier Kazic, og kuttar av lemmane til alven.

Rimidalv nyttar kroppen til alven til å lage eit skattekart. Han finn kleda sine, nokre dresser, smykkar og juvelar, samt eit vellaga lite sverd, og ein vase med edelsteinar (2412GP), og ser at det er noko i det sørvestlege tårnet.

I det sørvestlege tårnet finn me ei luke, og i den ein utsøkt statue. Me buffar kvarandre opp. Det er mange rotter der. Rimidalv nys inn i rommet og drep alle der.

Historie: Det er noko funky med det gamle fortet, men ingenting levande der no i det minste. Merkelege greier.

Me returnerar til Vangshamn. Der vert me møtt av befolkninga. Rapportar om ein kjempe utanfor byen, og at det snik seg ein person i byen om natta.

Munguk står utanfor byen. Folk er sjokkerte, men sidan Rimidalv kan kjempespråket, så får me kommunisert at han kan vere med venene sine – oss – så lenge han er snill.

Historie: Munguk blir – forsøksvis – eit medlem av samfunnet i Vangshamn. Han er snill.

Me sender Onsk og Munguk for å hente glassklokka og statuen.

Geir Geirsson får tillating til å byggje byen sin. Me byggjer Tazelfjord med hus, tannery og market. Me byggjer vegar ned til Oleg og mellom Vangshamn og Tazelfjord.

XP: (Til saman) 20000

Inventory etter endt session:
5X Potion of Cure Light Wounds
13X Potion of Cure Moderate Wounds
1X Elixir av EIT ELLER ANNA
1X Parfyme
Wand of Cure Light Wounds (46 charges)
Wand of Cure Moderate Wounds (46 charges)
Masterwork Cold Iron Longsword (var Appian sitt)
Masterwork Swort Shord
Masterwork Light Shield
Ein vase
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP
Alle har hest
Kart over området
Ei enorm operaharpe
Pengar til saman: 9694GP felles

View
Inntreng blir spisst – gåblin ær namnam
26. januar – 40-årsdagen til D&D

Det er penn-og-papir-rollespelets 40-årsdag i dag – 26. januar 2014! Hipp, hipp for Gary Gygax og Dave Arneson!

De er heltane i Sleiktunge-stammen, levande legender etter at de triumferte over kannibalen Vorka, og fekk tak i mykje FIERREVERRKERY! Ein dag de er utomhus for å leite etter meir fyrverkeri, kom slemme langleggar og utsletta heile stammen dykkar med hammarar, og magi, og ord, og sånne ting. Dritsekkar. De returnerar til campen og finn den totalt utsletta, sjølv Kvinepip er borte. Ikkje ein gong ein liten fleskebit igjen! :(

I ein dam utanfor det som pleidde vere heimen dykkar finn de den litt smårare froskeelskaren Hødd. Som heimlause er dykkar einaste håp den næraste goblinstammen de kjenner til – Kråsknusarane. Men når de kjem dit verkar dei unormalt nervøse, og litt færre enn dei trudde. Dei verkar ikkje ein gang som om dei forsvarar seg sjølv. Vaktene berre visar dykk taust til eit sentralt telt i kråsknusar-campen – kven kan vere på innsida?

Det er Mor Skvettkjeft, midlertidig leiar av Kråsknusarane. Ho seier at dei har hatt problem med ein nærtståande ogren Pappa Kjøtmoms og hans dotter, Guffen. No vil ingen bli hovding, så ho inviterer dykk til eit goblinting – ein fest med tradisjonelle leiker der vinnaren kan bli stammens leiar. Etter kvart finn de ut at dei tre førre hovdingane har blitt borte i forsøket på å ta knekken på Kjøtmoms-familien og dens flammesprutande grisar.

Oppdrag: Bli hovding av stammen.

Oppdrag: Jag vekk Pappa Kjøtmoms og familien hans frå området.

fortsetjing følgjer…

View
FYRREVERRKYRI ER GØI!!!!11!
5. januar 2014

Spelte one-shoten We Be Goblins!, sidan Appian er vekke.

Djupt inne i Jarnskogsumpane, like sør for den forhatte menneskebyen Firdal, bur goblinstammen Sleiktungene.

I går oppdaga stammen at ein av deira mange medlemmer hadde nytta forbodne kunstar, og gjorde det verste tabuet ein goblin kan gjere – å skrive ned ting. Faktisk, seier ryktet, skreiv han ei historie om stammen!

Det finst ikkje noko større måte å bringe dårleg lukke enn å stele ord ut av hovudet ved å skrive dei ned, så stammen hadde ikkje noko val – dei måtte inskribere hovudet hans med bokstavane hans, han heiter no Skribletryne, og kaste han ut av stammen. Blant Skribletrynes eigendelar fann dei derimot fyrverkeri. Fyrverkeri er gøy, og ein treng alltid meir av det. Heldigvis fann dei òg eit kart Skribletryne hadde laga, som viste vegen til ein stranda båt der ein kunne finne meir!

Våre tre heltar er den unge fighteren Reta – som har VANSKAR MED Å IKKJE SKRIKE NÅR HO SNAKKAR – den bombeglade alkymisten Mygmork, og den einebuande eks-eksil-utvandraren Ashurbanipal. Dei er kalla inn til Hans Omkrets, hovding Randvagle Bukgrums, som gir dei i oppdrag å få tak i meir fyrverkeri. Det er potensielt skummelt, på grunn av sumpen. Og Langbein Goblinbabyspiser. Og den skumle kannibalen Vorka. Og så vidare.

Men først er det fest. Stammen har høyrd at dei tre har fått eit oppdrag, og utfordrar gruppa til ulike vågestykker for å vise kor modige dei er. Dei klarar alle fire med glans, og får Hovdingens nyttige kappe med nyttige ting i, Hovdingens ring som let deg klatre bra, Hovdingens Hestebitar, og Flammehostesaft.

Med åra har edderkoppen Langbein Goblinbabyetar blitt stor og sterk nok til å ete meir enn berre bortkomlingar, men òg vågar å gå etter fullvaksne goblinar. Først snappar ho med seg kjælegrisen til Ashu, før ho angrip frå trea, og bit etter laget. Etter kvart vert ho svakare og svakare og rømmer inn i skogen.

Laget følgjer etter edderkoppen, som har gøymd seg i edderkoppbolet sitt. Rundt det heng ei rekkje daude kroppar i spindelvev. Mygmork kastar ei brannbombe opp, og drep Langbein – og set samtidig fyr på trekrunene. Goblins gir faen i trær, så whatever. I DO WHAT I WANT!

Dei spindelbundne lika vert lettare påtent og dett ned på bakken, som litt slappe piñatas. Omnom, loot. Gjengen overnatter i skauen.

Morgonen etter held dei fram langs elva, vidare mot kartets mål, og finn til slutt båten i ei innhengning, med ein hest spaserande rundt. HEST! Goblins hatar hestar, så den vert raskt teken knekken på.

Vidare nyttar dei stigen frå Hovdingens nyttige kappe med nyttige ting i til å klatre opp på side av båten – der overraskar dei to fastlenka hundar, HUNDAARRR!!! som dei sporenstreks angrip med brannbomber. Dette vekkjer kannibalen Vorka, hennar hund Kose, og kjempefrosken Kong Langtunge.

Ved hjelp av brannbomber, karatechopping av master, fyrverkerioppsending, og ei rekkje bomhugg frå ei rekkje hundekuttarar får laget til slutt teke knekken på alle tre – nådestøtet kjem då Vorkas lik fell ned og tek Koses siste hitpoints.

Gjengen søkjer gjennom båten, og finn ei kiste med fyrverkeri – FYEREVERKKYRRI! – og diverse andre gjenstandar, blant anna ei vifte med eit kart over spennande plottpoeng som dei tenner på før dei i det heile teke gidd å sjå på den. Det var dumt, den får dei aldri sjå igjen!

Dei returnerar til Sleiktungestammen som store heltar – sidan dei overraskande nok ikkje sendte opp alt fyrverkeriet med ein gong – og får store, seriøse titlar av Hovdingen. SLUTT!!!(?)

View
Den gongen me nesten vart dansa i hel
12. desember 2013

Framleis i lettare sjokk etter det som hendte med skjelettet, summer laget seg litt i hola. Dei leiter etter skattar, og finn ei Quick Runners Shirt (Kazic) under steintavla han låg på. Finn runer på veggen som ingen skjøner, men som me skriv ned for ettertida.

Held fram med å utforske nordområda. Ved ferjeleiet finn me att trollet, som me lot vere å helse på tidlegare. Appian skyt ei pil som treff trollet i handa, trollet plukkar opp ein stor stein.

Historie: Gjennom ei lettare ugudeleg blanding av Mage Hand for å gi trollet hjortebiffar på avstand og sang og spel frå Bork – samt kameratsleg drikking av heimbrenten hans – får laget ein ny ven, trollet Monguk.

Vangshamn: Byggjer ei mølle, for å supplere byen med korn. +1 diverse.

Vel tilbake i Vangshamn treff me på Geir Geirsson, som saman med kona ynskjer å lage ein ny landsby under vårt kongerike. Byen skal heite Tazlfjord, og etter å ha oppsøkt nixien, feene og dryaden er me positive til å byggje landsbyen.

Historie: Opprettar Tazlfjord så snart me er attende til Vangshamn

I skogen finn laget eit gammalt fort. Ein mur med fire vakttårn omringer eit høgt tårn. Appian sender inn Bacon Arrak, som blir innesperra bak ein jarnport. Ved å kile trestammar inn under porten kjem me oss inn. Kazic velgjer å gå direkte for det største tårnet, fordi det ser artigast ut (mon tru om han kjem til å angre på det).

På vegen opp går me i ei gassfelle, som råkar Kazic (kva sa eg?). I det øvste rommet finn me ei kvinne, som byrjar å danse forførande – før ho BIT tak. Dansen hindrar oss frå å angripe. Me slit lenge med å finne ei løysing, og vert stadig offer for biting og kloring, men ein vilter dans frå Onsk stansar trolldomen hennar ei lita stund – slik får me inn nokre treff.

Bork klarar til slutt å fascinere ho ved hjelp av sin eigen musikk, og medan heksevesenet studerar Borks tonar, snikangrip Kazic ho bak ryggen hennar – og drep ho momentant. Vesenet utstøyter eit brøl – og Kazic kjenner seg mindre spretten. Det viser seg at han har fått ei forbannelse over seg (kva sa eg?).

Historie: Shitmæææn, me må fjerne forbannelsen over Kazic. Til næraste prest, sporenstreks!

XP: (til saman )

Inventory etter endt session:
5X Potion of Cure Light Wounds
13X Potion of Cure Moderate Wounds
Wand of Cure Light Wounds (46 charges)
Wand of Cure Moderate Wounds (50 charges)
Masterwork Cold Iron Longsword (var Appian sitt)
Masterwork light shield
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP
Alle har hest
Kart over området
Pengar til saman: 4093GP felles

View
Då skjelettet ikkje såg noko (nokosinne igjen)

Etter ei god veke i byen, har laget framleis ikkje funne nokon som veit kva kappa er. Før me gjer noko meir gjer me ein handlerunde. Appian Kjøper Elvish Curved Blade (80 GP), og Bork kjøper 8 Cure Moderate Wounds (2400GP) frå felleskassa. Det fordelast 2 Cure Moderate (2d8+3HP) till kvar, 5 til felleskassa.

Lagets gode ven Anders Lange - du veit, bonden – veit om nokon som har peiling på magi, for å finne ut kva kappa er.

Historie: Han fortel om ei heks, i ein vondskapsfull hage nord for Vangshamn. Ei flaske brenenvin vert smøremiddel, før dei reiser for å besøke ho.

I skogen nord for byen finn dei ein overvokst hage med eit stakittgjerde, inni står eit murhus – i hagen står eit fugleskremsel. Appian ringer på bjella, og skremselet snur seg mot han. Han prøver å snakke med den – men det svarer ikkje. Skremselet angriper, og det prøvast eit siste rop til heksa – utan hell – før kampen set i gang.

Onsk slår til – og treff hardt. Kazic treff hardt, men vert treft hardt tilbake og legg seg i frykt ned på bakken. Appian, Bork og Onsk bommar – og Kazic blir liggande. Skremselet slår etter Appian, og treff – stirrar på Bork, men han let seg ikkje skremme. Appian treff med piler, Bork treff med Chord of Shards, og skremselet fell om. Bork healer Appian to gonger med Cure Light Wand (44 bruk igjen).

Heksa er sint fordi laget drap fugleskremselet – og får som svar av me er herskarane i Vangshamn. Mot lovnaden om at borna der ikkje skal plage ho lenger – og spritflaska – tek ho ein kikk på den magiske kappa. Det ser ut som ein robe of bones – men med ein litt merkeleg aura.

Historie: Bork bestemmer seg for å la kappa vere inntil vidare.

Ho fortel òg at det fantest ein gammal krigarkultur her oppe for mange, mange år sidan. Ein kan framleis finne etterlevningar av dei – men ho kan ikkje seie noko spesifikt om det store skjelettet til aust utan eit namn.

Me healer og reiser mot skjelettet. I hola verkar det stille. Dei fire giftpustande maskene er der. Som sist er det to bekmørke ganger – men denne gongen ligger kvinneliket og ungen litt annleis. Me går inn til hovudrommet igjen.

Bork buffer, Appian kaster to Alchemists Fire (som bommar litt), Arak posisjonerer seg, Onsk angriper, Kazic bommer, Bork bommer, Arak bommer, Appian critter på piler og tek MYKJE (59) skade. Først treff Appian i låret, den andre treff 90 grader inn i augeeple og eksploderar i eit gnistregn. Bork blindar han med fyrverkeri, og svekker han (og Bacon), og dermed vert han lett match for Onsk og Kazic som drep skjelettet – det fell om på bakken.

Med eitt kjem det ei revne i lufta, og ei grøn, planteaktig hand trekk skjelettet med seg inn i ingenting.

Oppdrag (løyst): Det store skjelettet er borte. Laget plukkar opp skjoldet og sverdet hans, og glimtar noko under steinplata han låg på…

XP: 1500 (til saman 18 000)

Inventory etter endt session:
5X Potion of Cure Light Wounds
13X Potion of Cure Moderate Wounds
Wand of Cure Light Wounds (46 charges)
Wand of Cure Moderate Wounds (50 charges)
Masterwork Cold Iron Longsword (var Appian sitt)
Masterwork light shield
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP
Alle har hest
Kart over området
Pengar til saman: 4093GP felles

View
Den gongen me fann ei ubrukeleg kappe (eller?)

Laget bestemmer seg for å utforske skogane mot aust. I ei klarning i skogen møter me 6 menn, og éin grønn kvinne, som tydeleg er i ein form for krangel.

Trehogstlagleiaren Corax arbeider med å kutte ned trær, feen Melissa skapar trøbbel ved å ta over to av arbeidskarane hans. Ho vil få erstatning for blodbjørktrea som dei har kutta ned – eller profitten for dei. Businessfe!

Ved spørsmål om kven som kan hjelpe oss med trea, får me vite at ei dryade i nærleiken nok kan hjelpe oss. Me finn dryaden, ho grèt fordi eit vondskapsfullt ljåtre drep floraen i skogen hennar. Om me hjelper dryaden skal ho hjelpe oss med trea.

Djupt inne i skogen vert me overraska av ljåtreet som sporenstreks angrip Onsk og Kazic. Bork healer Kazic, set i gang ei tordentale, og resten av laget healar seg. Appian skyt to flammepiler inn i treet. Onsk høgg det hardt. Kazic avslutter heile greia med ei høgtgåande pil.

Flammene spreier seg, men Mikmek hoppar ut frå skuggane slukker flammane med heilagt vatn. I ljåtreet finn me:
1 Underleg kappe

Me dreg til dryaden, som er storfornøgd med oss. Ho belønner laget med:
5 Cure Moderate Wounds
1 Scroll of Summon Natures Ally 2 (tip Appian)
1 Wand of Cure Moderate Wounds (11 charges, til Bork)
5 Tree Tokens (til Appian)
1 Rosewood Armor +1 (til Bork)

Me tek farvel med dryaden, og reiser tilbake mot Melissa. Appian planter blodbjørkene, og Melissa blir latterleg fornøgd. Corax og trehogstlaget reiser mot sør der dryaden har tipsa om eit friskt blodbjørkfelt.

Både dryaden og feen seier at dei skal halde skogen under oppsyn. Ingen i byen klarar å identifisere kappa.

XP: 4300 (til saman 16500)

Inventory etter endt session:
5X Potion of Cure Light Wounds
Wand of Cure Light Wounds (46 charges)
Composite Longbow +3 str (Appian passer på den)
3 +1 flaming arrows (til Appian)
Masterwork light shield
Boots of elvenkind (til Kazic)
2x Alchemists Fire
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP
Alle har hest
Alvisk scale mail (Onsk),
Cold iron long sword (Appian),
kart over området med fleire stader vist
Pengar til saman: 6493GP felles

View
Den gongen me rømte – på modig vis

Kazic og Onsk tek på eit skjelett, fire monumentale munnar opnar seg og pustar ut “noko”.

Bracers of Archery, Tree token, Belt of Giant Strength, Rapier +1 anything, juveler for 2000 GP.

Møter ein stor slugger av ein jævel, han er for sterk og me rømmer.

View
Den gongen Onsk bodyslamma 900 flaggermus

Det har gått nærare eitt år sidan sist. Tid våre heltar har nytta på å lære folket å kjenne, på å byggje bordell, vegar lenger sør, og åkrar til å fóre innbyggjarane.

Ein mann kjem frå vest, og han manglar ein fot! Fortel om skumle ting. Våre heltar dreg mot vest, og Bork snik seg fram til seks skumle skikkelsar, som viser seg å vere soppbefengte skjelett. Me lokkar dei mot faklar, og angrip overraskande. Onsk drep den første med eit hugg. Appian skyt to piler, treff éin.

Dei hopper ut av formasjon, bommar på Appian og Kazic, og rreff Onsk. Bork kastar Ray of Enfeeblement, og svekker den eine. Onsk slugger endå eit skjelett, og drep det.

Kazic bløffer seg vekk, og snikangrip eit skjelett. Han slår hjul forbi fienden, og med tre hugg tek han hovudet, overkroppen og beina til skjelettet, og drep det.

Bork bryter ut i eit tordenbrøl, som slår skjelettet overende som om han traff ein vegg. Appian slår ein fakkel inn i hovudet på den siste, og den fell om kull. Me følgjer etter ein avkappa overkropp – og finn til slutt ei opning i bakken. Det er ei hole!

Appian går inn og ser rundt seg med fakkel i handa. Golvet er dekt av insekt, og taket er dekt av flaggermus. Dei angrip. Me angrip med handflater, og med sverd. Bork slår så med eit tordenbrøl, og så ein svakeleggjerande stråle som kastar halvparten av dei i bakken.

Onsk sluttar livet deiras med ein fælsleg body slam.

XP: 600 XP (12000 XP til saman).

Inventory-ish etter endt session
5X Potion of Cure Light Wounds
Wand of Cure Light Wounds (46 charges)
Composite Longbow +3 str (Appian passer på den)
3 +1 flaming arrows (til Appian)
Masterwork light shield
Boots of elvenkind (til Kazic)
2x Alchemists Fire
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP
Alle har hest
Alvisk scale mail (Onsk),
Cold iron long sword (Appian),
kart over området med fleire stader vist
Pengar til saman: 2493GP felles

View
Den gongen pennen var mektigare enn sverdet

Dagen for folkemøtet var kome, og me forsøkte å gjere våre siste forberedelsar for å overbevise det gode folket i Vangshamn om at det var me – og ikkje Grigori – som hadde byens beste i tankane.

Ein invitasjon til lunsj vart utstrekt til Grigori, der me forsøkte å få ut fleire detaljar frå han.

Historie: Samtidig sneik vår eminente spion Kazic seg inn på rommet hans – der han fann eit segl frå Niflheim, ei svirrande bikube fullt av avskum og ondskap.

Dermed var slagplanen for møtet lagt. Me skulle legge fram tre hovudpunkt:
1. Demokratiet er viktig, me planlegg å late folket ta ein større del i framtida.
2. Gregori er ein munnrapp person, men våre kjelder tilseier at han arbeider for Niflheim.
3. Onsk: Me likar å takle problem direkte, og vil halde fram med å beskytte byen på den måten. I framtida skal me angripe draken.

Folket svaiar fram og tilbake medan me snakkar, men då Onsk slår øksa si i scena etter ein tordentale frå Bork overvinn me dei.

Oppdrag (løyst): Grigori fell i gjørma, og bannar høgt. Folket ler. Han kjefter og smeller og kallar oss hedningar, og går! Befolkninga klappar for oss. Sjølv dei som var motstandarar beklager seg til oss. Hyggeleg. Me skal forsøke å ikkje hugse at dei ein gong var illojale.

Oppdrag: Dermed returnerar “kvardagen”. Folket veljer Ingrid til befolkningas stemme i ulike sakar, og ho fortel om nokre gnomar som har problemer i nærleiken. Me bestemmer oss for å hjelpe – trass at dei tydeleg nett har drept koboldar.

Bork inspirerer frå elvkanten, Appian hektar av hestane og roar dei ned før han samlar dei viktigaste tinga frå vogna. Onsk festar tauet frå kanten av elva, og DREG dei opp av elva.

Oppdrag (løyst): Den vesle gnomen Gulost og hans crew inviterer oss til middag. Han fortel at dei er på utforskingsferd for å finne ut kva som er i nordområda.

Bork tilbyr han å dele kart, men han vil ha betaling. Kazic foreslår gambling, noko ein eventyrlysten gnom sjølvsagt ikkje kan takke nei. Kazic vann kortkonkurransen på “høgaste kort”, og får plasseringa til fleire skattar rundtomkring i området.

Inventory etter endt session
Eg hugsar ikkje alt som hendte dei to førre rundane, har me kjøpt/fått/solgt noko stort?

View
Den gongen Bork døydde

Opna med å kjøpe 5 Cure Light Wounds potions, ein CLW wand. Til saman 1000 GP for rabatten hjå Oleg. Så solgte me 3 handøkser til Oleg for 480GP. Endte opp med 2493 GP til saman.

Historie(?): På vegen mot Hjorteherren fann me hoggtannbær, kanskje Bokken vil ha dei?

I skogholtet nedanfor Hjorteherrens slott planla me korleis slottet skulle angripast. Først vurderte me å angripe slottet med flammer, men ynskjer å observere litt først.

ZOMBIAR! Dei dukkar opp av jorda, me angrip dei. Kastar Grease, tenner på, drep mange, fleire zombiar dukkar opp, Onsk kløyver dei i to. Idet ein stor brande dukkar opp røyver me oss vekk frå han.

Me fell alle bakover, Bork i størst grad. Onsk kløyver den store branden i skuldra, og han fell til bakken og døyr. Appian skyt to piler, båe treff.

Onsk slår eit hol i døra. Bork healer Onsk. Kazic skyt gjennom holet i døra. Onsk fortset å slå ned døra og skrik, skremmer vekk ein av bandittane. Bork drep skada banditt med ei pil.

UGLEBJØRN! Han går rett på Onsk og angrip. Resten av laget skader uglebjørnen så mykje at han nesten døyr. Brått dukkar Hjorteherren og ein ukjend mann i rustning opp.

Etter at me får litt tak på kampen kaster Rustningmannen amuletten sin, angriper uglebjørnen og drep han. Bork healer Onsk, og Hjorteherren fagnar interesse for den vesle – som openbart må vere lagets leiar.

Bork vert først truffe av ei pil, og så med det verste skotet i heile verda frå Hjorteherren – rett i hjartet.

– Fortel historia om meg vidare, seier han og fell om.

Med nokre heftige slag kløyver Onsk Hjorteherren, Twilightmannen og ein banditt i sinne over Borks død. Slaget er over, tapa er store, og alle er triste.

Oppdrag (løyst): Hjorteherren er død.

Historie: Det er Bork òg.

XP: 1900 XP (9700XP til saman).

Inventory etter endt session
5X Potion of Cure Light Wounds
Wand of Cure Light Wounds (46 charges)
Composite Longbow +3 str (Appian passer på den)
3 +1 flaming arrows (til Appian)
Masterwork light shield
Boots of elvenkind (til Kazic)
2x Alchemists Fire
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP
Alle har hest
Alvisk scale mail (Onsk),
Cold iron long sword (Appian),
kart over området med fleire stader vist
Pengar til saman: 2493GP felles (I kid you not).

View

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.