ombork

Character sheet · Borks dagbok – Sist oppdatert: S1

Vaks opp i Raudelv, født av jegerforeldre i ein by full av diplomatar, generalar og andre småkongar. Lærte dei indre verknadane på bylivet, diplomati og vart ei sylvtunge blant gatemusikantane og handlarane. Han spelar lutt, og er veldig glad i å fortelje historier frå dei mange byane han har farta rundt i.

Foreldra er jegarar som leverar fangst til dei mange restaurantane i byen, óg store delar av familien jobbar i ein eller anna form for råvareframstilling eller -foredling. Ingen av dei har hatt særleg påverknad på hans artistliv, men dei godtek at han aldri vart jegar (dog, litt mutte er dei). I staden var det ein gammal fløytespelar ved namn Flakke som lærte han i kunsten å spele. Dei møttest då Bork som 13-åring vart overrumpla av to gigantiske edderkoppar i skogen utanfor Raudelv. Til den dag i dag er Bork framleis redd edderkoppar. Dei jævlane…

Flakke har seinare trukke seg tilbake frå omfartslivet, og eig no puben Den skrantande løve i Raudelv. Nokre seier han bedriv lyssky aktivitet under bordet, andre drikk berre ølet hans.

Bork hadde ein gong ei syster — Ro — men ho vart teken frå familia då dei var ute på jakt ein gong for 15 år sidan (ho var om lag 3 år). Dei fekk aldri vite kva som hendte, dei høyrde knappast lydane av beista som tok ho. Dette er ei hending som til den dag i dag har påverka Bork, og difor er han ofte veldig beskyttande overfor små born.

Høgdepunktet i livet til Bork var då han mottok meisterfela si frå Flakke. Fela er hans kjæraste eigendel, og han skiljast aldri frå den. Fela er raud, med forgylt utsmykking langs brua, og Bork kallar den Stammen (Aslak, ikkje ein gong prøv å stele fela. I will fuck you up!).

Bork er ein livsnytar, og likar verdas tilfeldige gang. Kunnskap står høgt i setet for Bork, og han har lett ein tendens til å sjå litt ned på dei med mindre kunnskap enn han sjølv. Han er ikkje særleg religiøs, men har sansen for historia om Cayden Cailean — “den tilfeldige guden”.

I likskap med Cayden har óg Bork stor sans for mat og drikke, især har han falt for fasankjøtet dei rike i Raudelv gjerne et ved store middagar. Ved sidan av musikken er han óg veldig glad i å fortelje historier, og han skriv alltid småkvad om små og store hendingar som skjer langs vegen. Han har ein forkjærleik for bokstavrim, og ord som rimar på Bork. I tillegg er han ein samlar av musikkinstrument (det meste ligg att i Raudelv).

Ønskeliste

ombork

Kramgard aslakroedder tanketom