Kramgard

Den gongen me nesten vart dansa i hel

12. desember 2013

Framleis i lettare sjokk etter det som hendte med skjelettet, summer laget seg litt i hola. Dei leiter etter skattar, og finn ei Quick Runners Shirt (Kazic) under steintavla han låg på. Finn runer på veggen som ingen skjøner, men som me skriv ned for ettertida.

Held fram med å utforske nordområda. Ved ferjeleiet finn me att trollet, som me lot vere å helse på tidlegare. Appian skyt ei pil som treff trollet i handa, trollet plukkar opp ein stor stein.

Historie: Gjennom ei lettare ugudeleg blanding av Mage Hand for å gi trollet hjortebiffar på avstand og sang og spel frå Bork – samt kameratsleg drikking av heimbrenten hans – får laget ein ny ven, trollet Monguk.

Vangshamn: Byggjer ei mølle, for å supplere byen med korn. +1 diverse.

Vel tilbake i Vangshamn treff me på Geir Geirsson, som saman med kona ynskjer å lage ein ny landsby under vårt kongerike. Byen skal heite Tazlfjord, og etter å ha oppsøkt nixien, feene og dryaden er me positive til å byggje landsbyen.

Historie: Opprettar Tazlfjord så snart me er attende til Vangshamn

I skogen finn laget eit gammalt fort. Ein mur med fire vakttårn omringer eit høgt tårn. Appian sender inn Bacon Arrak, som blir innesperra bak ein jarnport. Ved å kile trestammar inn under porten kjem me oss inn. Kazic velgjer å gå direkte for det største tårnet, fordi det ser artigast ut (mon tru om han kjem til å angre på det).

På vegen opp går me i ei gassfelle, som råkar Kazic (kva sa eg?). I det øvste rommet finn me ei kvinne, som byrjar å danse forførande – før ho BIT tak. Dansen hindrar oss frå å angripe. Me slit lenge med å finne ei løysing, og vert stadig offer for biting og kloring, men ein vilter dans frå Onsk stansar trolldomen hennar ei lita stund – slik får me inn nokre treff.

Bork klarar til slutt å fascinere ho ved hjelp av sin eigen musikk, og medan heksevesenet studerar Borks tonar, snikangrip Kazic ho bak ryggen hennar – og drep ho momentant. Vesenet utstøyter eit brøl – og Kazic kjenner seg mindre spretten. Det viser seg at han har fått ei forbannelse over seg (kva sa eg?).

Historie: Shitmæææn, me må fjerne forbannelsen over Kazic. Til næraste prest, sporenstreks!

XP: (til saman )

Inventory etter endt session:
5X Potion of Cure Light Wounds
13X Potion of Cure Moderate Wounds
Wand of Cure Light Wounds (46 charges)
Wand of Cure Moderate Wounds (50 charges)
Masterwork Cold Iron Longsword (var Appian sitt)
Masterwork light shield
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP
Alle har hest
Kart over området
Pengar til saman: 4093GP felles

Comments

aslakroedder tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.