Kramgard

Då skjelettet ikkje såg noko (nokosinne igjen)

Etter ei god veke i byen, har laget framleis ikkje funne nokon som veit kva kappa er. Før me gjer noko meir gjer me ein handlerunde. Appian Kjøper Elvish Curved Blade (80 GP), og Bork kjøper 8 Cure Moderate Wounds (2400GP) frå felleskassa. Det fordelast 2 Cure Moderate (2d8+3HP) till kvar, 5 til felleskassa.

Lagets gode ven Anders Lange - du veit, bonden – veit om nokon som har peiling på magi, for å finne ut kva kappa er.

Historie: Han fortel om ei heks, i ein vondskapsfull hage nord for Vangshamn. Ei flaske brenenvin vert smøremiddel, før dei reiser for å besøke ho.

I skogen nord for byen finn dei ein overvokst hage med eit stakittgjerde, inni står eit murhus – i hagen står eit fugleskremsel. Appian ringer på bjella, og skremselet snur seg mot han. Han prøver å snakke med den – men det svarer ikkje. Skremselet angriper, og det prøvast eit siste rop til heksa – utan hell – før kampen set i gang.

Onsk slår til – og treff hardt. Kazic treff hardt, men vert treft hardt tilbake og legg seg i frykt ned på bakken. Appian, Bork og Onsk bommar – og Kazic blir liggande. Skremselet slår etter Appian, og treff – stirrar på Bork, men han let seg ikkje skremme. Appian treff med piler, Bork treff med Chord of Shards, og skremselet fell om. Bork healer Appian to gonger med Cure Light Wand (44 bruk igjen).

Heksa er sint fordi laget drap fugleskremselet – og får som svar av me er herskarane i Vangshamn. Mot lovnaden om at borna der ikkje skal plage ho lenger – og spritflaska – tek ho ein kikk på den magiske kappa. Det ser ut som ein robe of bones – men med ein litt merkeleg aura.

Historie: Bork bestemmer seg for å la kappa vere inntil vidare.

Ho fortel òg at det fantest ein gammal krigarkultur her oppe for mange, mange år sidan. Ein kan framleis finne etterlevningar av dei – men ho kan ikkje seie noko spesifikt om det store skjelettet til aust utan eit namn.

Me healer og reiser mot skjelettet. I hola verkar det stille. Dei fire giftpustande maskene er der. Som sist er det to bekmørke ganger – men denne gongen ligger kvinneliket og ungen litt annleis. Me går inn til hovudrommet igjen.

Bork buffer, Appian kaster to Alchemists Fire (som bommar litt), Arak posisjonerer seg, Onsk angriper, Kazic bommer, Bork bommer, Arak bommer, Appian critter på piler og tek MYKJE (59) skade. Først treff Appian i låret, den andre treff 90 grader inn i augeeple og eksploderar i eit gnistregn. Bork blindar han med fyrverkeri, og svekker han (og Bacon), og dermed vert han lett match for Onsk og Kazic som drep skjelettet – det fell om på bakken.

Med eitt kjem det ei revne i lufta, og ei grøn, planteaktig hand trekk skjelettet med seg inn i ingenting.

Oppdrag (løyst): Det store skjelettet er borte. Laget plukkar opp skjoldet og sverdet hans, og glimtar noko under steinplata han låg på…

XP: 1500 (til saman 18 000)

Inventory etter endt session:
5X Potion of Cure Light Wounds
13X Potion of Cure Moderate Wounds
Wand of Cure Light Wounds (46 charges)
Wand of Cure Moderate Wounds (50 charges)
Masterwork Cold Iron Longsword (var Appian sitt)
Masterwork light shield
5x Hjortehovudskjelettamulett
Musikkboks – 90GP
Alle har hest
Kart over området
Pengar til saman: 4093GP felles

Comments

aslakroedder tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.